Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Bøn i ei tid med pandemi.

Gode Far i himmelen! Me trur at du er Gud, at du sit på truna, og at du til eikvar tid har full kontroll over alt som råkar oss. Du har også sagt at me skal be for alle menneske, men mest for kongar og dei som sit i ansvarsfulle stillingar.

Difor be me i dag for alle som er smitta av koronaviruset at dei ikkje skal utvikla alvorleg sjukdom.

Me ber om at alle som har utvikla sjukdom skal bli friske att, og me ber om at du skal halda dette viruset unna alle som er i risikogruppa med tanke på for tidleg død.

Så ber me for alle helsearbeidarar og andre som til dagleg blir eksponerte for COVID-19 at du må vaka over dei og gje dei eit godt vern mot denne sjukdomen.

Me ber også for styresmaktene våre som gjer sitt beste for at me alle skal koma godt ut av dette, at du skal gje dei visdom utover den naturlege når dei skal bestemma kor vegen går vidare, kva som skal gjerast og kva som ikkje skal gjerast i samfunnet.

Gode Far! Du ser alle dei økonomiske implikasjonane med denne pandemien. Bedriftar stenger ned. Folk blir arbeidslause. Marknadar kollapsar og mange blir redde for kva som skal skje med dei framover. Me ber i Jesu namn om at gode bedriftar og føretak snarleg må få starta opp med produksjon og omsetting av varer, og at folk skal få koma seg på jobb att, at barna skal få koma seg attende på skulen.

Me ber me om at du skal utrusta kyrkja di med nådegåver og kraft slik at me kan koma alvorleg sjuke menneske til hjelp med våre bøner, og fyll oss med den medynk som Jesus hadde for alle sjuke og naudstilte.

Gode Far! Du som har skapt alt, både det synlege og usynlege, ta autoritet og kontroll over koronaviruset slik at det må underordna seg din vilje og ikkje bli årsak til meir skade.

Trøyst dei som har mista sine den siste tida anten det er av korona eller andre sjukdomar, og som ikkje ein gong kan følgja sine kjære til grava. Lær dei å kjenna deg, du som har sigra over død og grav og som ein dag skal reisa alle døde opp.

Så ber me for oss alle, at me skal oppføra oss skikkeleg i denne tida, og at me skal forstå kor små og sårbare me er, og at me alle lærer oss å leva som om kvar dag var den siste, at me har orden på vår sak både med deg og våre medmenneske.

Herre Jesus Kristus, Guds einborne Son! Du er den einaste vegen til frelse, og at det evige livet ligg i deg åleine. Har me deg, så har me livet, men utan deg er me evig fortapte.  Me vil så gjerne ha deg. Kom inn i liva våre med din nåde og med framtid og håp. Amen!

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?