august 2022Monthly Archives
Evangeliseringsaksjon med fantastisk vær og mange gode samtalar
Evangeliseringsaksjonen 8.-12. august vart nett slik me hadde håpa på. Flott sommarvær, mange gode samtalar og ein god del nye kontaktar. Den siste dagen dukka det opp nokre frå kulturkommiteen på Stortinget som let seg inspirera av å møta oss. Dei var over seg av begeistring for at det fanst ei kyrkje som ville vera noko for folk der dei bevega seg til dagleg. Dei ville gjerne vera med på eit bilete saman med oss, og me fekk lov å leggja ut der det passa for oss, så her er to av tre, og så fekk Fredrik Fladmark og Jon Furdal også vera med, dei er to gode vener av oss 🙂
Velkomen til friluftsgudsteneste på Sæbø gard søndag 14.august kl 14.00
Tema for denne gudstenesta blir rett og slett «Guds nåde».
Mange lurer på korleis Gud er, og dei har mange ulike tankar rundt det. Men best ser me hans karakter i forteljinga om «den bortkomne sonen», og i morgon tek me utgangspunkt i denne fantastiske likninga som Jesus fortalde då han ville skildra Guds hjarta for folk.
Etter gudstenesta blir det grilling og fellesskap. Ta med grillmat. VEL MØTT!