Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

mai 2024Monthly Archives

Mektig pinsefestgudsteneste i Moster Amfi

«Essensen i det Bibelen lærer oss om pinsen er at ein klår bodskap om Jesus Kristus saman med krafta i Den Heilage Ande gjer at Guds rike bryt gjennom i enkeltmenneskes liv og i heile samfunn.» forkynte Øystein Gjerme for eit nesten fullsett Moster Amfi i dag. For oss som var møtt fram var dette ei gudsteneste som vil sitja att i kroppen i lang tid framover.

Bibelpodkast

23.mai 2024

Dette er i lita salme med eit veldig innhald. Rett og slett ein ressurs for livet.

18.mai 2024

Å be om fred for Jerusalem er viktig i vår urolege tid. Israel, Israels hovudstad, og det jødiske folk er utsett for vreiden frå Hamas, Hizbollah og Iran, samt alle deira sympatisørar verda over.

16.mai 2024

PINSEFEST I MOSTER AMFI 19.MAI kl 11

Komande søndag er alle velkomne i Moster Amfi til pinsefest. «Alle» kyrkjelydar i vårt distrikt blir med på dette flotte arrangementet der pastor Øystein Gjerme vil tala og Sigbjørn Hølmebak vil syngja. Dette er startsskotet på jubileet som skal feirast i dagane som kjem over kristninga av Noreg.

Flott konfirmant, og flott konfirmasjonsgudsteneste

12.mai vart Magnus Nordfonn konfirmert i Kristkyrkja. Han svarte godt for seg under overhøyringa, og gudstenesta vart på alle måtar ei fin samling. Pastor Jens Thoresen talte om Guds stordom, og la vekt på at Gud er stor nok for kvar enkelt av oss, det er plass til alle i Gud, og at sann stordom handlar om å bøya seg ned og ta seg av folk som har det vanskeleg.

Konfirmasjonsgudsteneste 12.mai kl 12

Komande søndag, den 12.mai, blir det konfirmasjonsgudsteneste i Kristkyrkja. Det er Magnus Nordfonn som skal konfirmerast. Alle er velkomen!

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?