Herre Jesus Kristus!
Du Guds lam som bar all verdas synd! Miskunna deg over …………………..
Må frukta av din død og di oppstode koma folket til gode. Send dine pionerar til dei som kan leva saman med dei, elska dei, læra å kjenna språket og kulturen deira , og som kan dela evangeliet med dei på ein truverdig måte i ord og gjerning.
Aus din Ande ut over dei slik at under og teikn og gode ting skjer i liva deira. Løys dei frå djevelens makt, frå all magi, trolldom og falsk gudsdyrking som held dei bundne til han. Må dei kasta alle avgudane ut av liva sine og lukka deg inn, du som er den einaste sanne Gud og frelsar for alle menneske. Må dei bøya kne for Deg og sanna at du åleine er Herre, til Gud vår Fars ære. Må Ordet opplysa dei slik at dei ser syndene sine, angrar på det galne dei har gjort, vender om til deg av heile sitt hjarta, lukkar deg inn i liva sine, blir fødde på nytt og får evig liv.
Må du bygga alle dei truande i………folket saman til ei sterk, vital, varm, tilbedande og misjonerande kyrkje som kan vera eit fyrtårn som syner alle i folket vegen tilbake til deg og Farshuset.