Rundt 200 menneske gjekk i fakkeltog for dei fofølgde i går kveld. Hovudtalar ,Tim Peters, sa at han var imponert over at ein by med under 20 000 innbyggjarar kunne stilla med så mange i tog for denne saka. Tim bur i Seoul. Der er det 15 millionar menneske, mange kristne, men å samla 200 menneske for dette føremålet kunne han ikkje ha klart.
Tim Peters fortalde frå arbeidet sitt i med nordkoreanske flyktningar i Kina. Dei blir svært fort offer for menneskehandel om dei ikkje blir arrestert, eller får hjelp til å koma seg vidare. Helping Hands Korea driv på med å plukka opp desse stakkars menneska og få dei til Sør-Korea via Thailand eller Mongolia. For få timar sidan vart ei gruppe på ti nordkoreanske flyktningar arresterte av kinesisk politi, og dei vil snart bli sendt attende til fangeleirar og tortur.