Evangeliseringsaksjonen 8.-12. august vart nett slik me hadde håpa på. Flott sommarvær, mange gode samtalar og ein god del nye kontaktar. Den siste dagen dukka det opp nokre frå kulturkommiteen på Stortinget som let seg inspirera av å møta oss. Dei var over seg av begeistring for at det fanst ei kyrkje som ville vera noko for folk der dei bevega seg til dagleg. Dei ville gjerne vera med på eit bilete saman med oss, og me fekk lov å leggja ut der det passa for oss, så her er to av tre, og så fekk Fredrik Fladmark og Jon Furdal også vera med, dei er to gode vener av oss