Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

DiverseCategory Archives

«Då kom Jesus!» Velkomen til gudsteneste 27. april kl 12

Komande søndag held me fram med å tala om Jesus som «den krossfeste og oppstadne» ut frå Johannesevangeliet 20,19-23. Disiplane sat bak låste dører, redde for jødane, les me. «Då kom Jesus!» Han kjem til redde disiplar med sin fred.

Tale 1.påskedag

Påskeprogram i Kristkyrkja

Det blir GUDSTENESTE langfredag og 1. påskedag klokka 12. Begge gudstenestene er for barn og vaksne.

Tysdag, onsdag og torsdag blir det bøn i kyrkja frå 17-18. Skjærtorsdag avsluttar me med nattverd.

Laurdag blir det evangelisering på Leirvik torg. Møt opp i Kristkyrkja kl 10

Alle er hjarteleg velkomen, og me ønskjer GOD PÅSKE til store og små.

Tale 6.april av Marit H. Aas

Neste gudsteneste i Kristkyrkja vert 6.april

Då er det Marit Helene Aas som skal tala, og teksten ho skal belysa er Johannes 12.1-3

Nytt medlem

I dag vart Titina Mukambel Lenio oppteken som medlem i Kristkyrkja. Ho har vore saman med oss nokre veker no, og har funne seg godt til rette i fellesskapet. Titina kjem frå Den demokratiske republikken Kongo i Afrika.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?