
Alle er hjarteleg velkomen!
Pastor Jens Thoresen vil forkynna Guds ord. Det blir nattverd, forbønn og sosialt fellesskap over ein kopp kaffi.
Alle er hjarteleg velkomen!
Pastor Jens Thoresen vil forkynna Guds ord. Det blir nattverd, forbønn og sosialt fellesskap over ein kopp kaffi.
Denne veka møtest me kvar kveld til bønn frå 18-19. Dei som kan, møter i kyrkja. Men det blir sett opp ein zoomlink også for dei som ikkje har høve til å møta fysisk. Kva me skal be om? Me ber for lokalsamfunnet, Noreg, nasjonar og unådde folkeslag. Den 15 juni reiser så mange av oss som kan til Stavanger (IMI-kirken) for å delta i det som kanskje blir historias største bønnemøte i Noreg. Det gjev perspektiv. Vel møtt!
På gudstenesta 9. juni får me besøk av leiaren i misjonsorganisasjonen Godt Nytt, Arne Topland. Denne organisasjonen deler ut biblar, nytestamenter og annan kristen litteratur i mange land, og dei er ein ressurs også for vårt evangeliseringsarbeid. Under gudstenesta tek me opp ein god kollekt til Godt Nytt. Vel møtt klokka 12.