Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Flott konfirmant, og flott konfirmasjonsgudsteneste

12.mai vart Magnus Nordfonn konfirmert i Kristkyrkja. Han svarte godt for seg under overhøyringa, og gudstenesta vart på alle måtar ei fin samling. Pastor Jens Thoresen talte om Guds stordom, og la vekt på at Gud er stor nok for kvar enkelt av oss, det er plass til alle i Gud, og at sann stordom handlar om å bøya seg ned og ta seg av folk som har det vanskeleg.

Konfirmasjonsgudsteneste 12.mai kl 12

Komande søndag, den 12.mai, blir det konfirmasjonsgudsteneste i Kristkyrkja. Det er Magnus Nordfonn som skal konfirmerast. Alle er velkomen!

Dagens bibelrefleksjon

Gudsteneste søndag 28.april

Denne søndagen held pastor Jens Thoresen fram med gjennomgangen av Kolossarbrevet, og me er komne til kapittel 3,18-4,1. Denne teksten handlar om Guds ordningar for familielivet, og det er både interessant og utfordrande. Hadde folk lært å leva etter Guds ordningar, ville mangt fungert mykje betre enn det ofte gjer. Så: få denne gudstenesta med deg. Det kan visa seg å vera gull verdt.

Pastor Jens Thoresen

Tale 21.april 2024 over Kol.3,12-17

Bibelpodkast

Ein kan stundom høyra folk seia at Jesus av og til tek seg ein blund og ikkje følgjer skikkeleg med på kva som skjer i livet ditt. Ingenting kan vera meir feil.
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?