Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Neste gudsteneste i Kristkyrkja vert 6.april

Då er det Marit Helene Aas som skal tala, og teksten ho skal belysa er Johannes 12.1-3

Nytt medlem

I dag vart Titina Mukambel Lenio oppteken som medlem i Kristkyrkja. Ho har vore saman med oss nokre veker no, og har funne seg godt til rette i fellesskapet. Titina kjem frå Den demokratiske republikken Kongo i Afrika.

Persisk nyttår

Laurdag 22. mars feirar me persisk nyttår saman med våre persiske og afghanske vener.

Då er du velkomen til Kristkyrkja kl 15.30. Send ein SMS til 47415864 for å melda deg på. Denne dagen satsar me på at alle har med seg noko til bordet.

روز شنبه 22 مارچ سال نوی ایرانی را با دوستان ایرانی و افغان خود جشن می گیریم.

سپس در ساعت 3:30 بعد از ظهر به Kristkyrkja خوش آمدید. برای ثبت نام به شماره 47415864 پیامک دهید. در این روز، من شرط می بندم که همه چیزی را سر میز بیاورند.

Gudsteneste søndag 23.mars kl 12

Komande søndag er det Maria bodskapsdag. Då er du velkomen til gudsteneste i Kristkyrkja kl 12
Det er Knut Arve Nordfonn som skal tala denne søndagen. Vel møtt!

Tale 16.mars. Nehemja 4,6

I dag handlar talen om å byggja kyrkje saman med Jesus, og å byggja sitt eige kristenliv på ein solid måte slik at det blir både vakkert og sterkt.

Gudsteneste 16.mars kl 12

På gudstenesta denne søndagen vil pastor Jens Thoresen tala over Nehemja 4,6.
Murane rundt Jerusalem hadde lege i grus i over hundre år. Nehemja, som på den tid var munnskjenk hos den persiske kongen) kjente seg kalla til å leida attreisingsarbeidet. Her skulle det byggjast, og det skulle byggjast for Gud. Nehemja var ein forlaupar for Jesus, som også er ein byggeleiar. Han sa til Simon Peter: «Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje.» Og her ser du poenget: Som kristne er me kalla til å byggja saman med Jesus, samstundes som me er dei som vert bygde saman. Rasande spennande perspektiv her. Kom på søndag og få med deg alt i hop!

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?