Så er Godhet Stord 2016 i full gong. Det er komne inn elleve oppdrag så langt, og om lag 15 har meldt seg på for å jobba. Nokre starta alt på fredag, men i dag gjekk det eigentlege startskotet. Eitt hus skal malast, ei stor grein skal sagast ned, eit kjøkken skal vaskast, likeeins nokre vindauga, ein hage skal ryggjast osv. Folk er skikkeleg gira på å koma i gong, og her er nokre få inntrykk frå dagens arbeid. Her har me montert stillas med tanke på vasking og maling av eit hus på Haga. Vaskinga tok me i dag, og så maler me på onsdag.
Astrid Røgenes skrubbar hus.
Stillasarbeidar Terje Thoresen hjalp til med å montera stillas. Her i munter samtale med Leif Magne Nordfonn.