Kva skulle du gjerne ha visst før du var 16? Her er David Andrè Østby si liste som han lanserte på lovsongsseminaret sitt i Leirvik bedehus 28.mai. Han var på Stord i samband med lanseringa av den nye plata til John Inge Rolfsnes. Her er ein oppsummeiring av undervisninga: Han ville gjerne ha visst ….
- at lovsong ikkje handlar om MEG, men om GUD,
- at lovsong ikkje er ein musikkstil, men ein livsstil. Gud vil ha tilbedarar, ikkje tilbedelse, Johannes 4,23,
- at det synlege er eit uttrykk for det usynlege, at det som kjem ut i form av sang og musikk er eit uttrykk for det eg har inni meg,
- at det ikkje finst snarvegar til modenheit,
- et eg kan berre vera meg sjølv. Alle andre er opptekne,
- at å vera ein leiar er å vera ein tenar,
- at KVIFOR er alltid viktigare enn KORLEIS.
Gode poeng både for lovsongsleiarar og for lovsongarar.