Pga endring i ferieplanar, blir den første gudstenesta den 14.august i staden for den 7.
Tema for gudstenesta blir «Jesus, den eneste!» Undervisning ut frå Hebrearbrevet 1,1-4.
Alle er då hjartaleg velkomen!
juni 2016Monthly Archives
Neste gudsteneste i Kristkyrkja vert søndag 14.august
Reservetale 19.juni
Til vår alles store skuffelse vart Majeed hindra i å koma til Noreg i helga, så me måtte til med ei reserveløysing. Likevel: Gud er inderleg god, og han let oss få ei fin gudsteneste saman. Inderleg lovsong leida av Stord Bibelsenter, og ein tale av pastor Jens Thoresen, som mange opplevde opplysande og fin.
Her er talen 🙂 http://www.mediafire.com/download/ey89tz82w91kziv/2016.06.19_J.Thoresen%2C._Johannes_15%2C1-8.mp3
Marit Helene Aas sin tale søndag 12.juni. Tema: Anden herleggjer Jesus
Denne talen skal du ta deg tid å lytta til. Solid, opplysande og varm undervisning om Anden si mest sentrale oppgåve som handlar om å løfta opp og herleggjera Jesus for oss menneske.
Fantastisk helg på Solgry
Dei 51 som var samla på Solgry 3.-5. juni fekk ei på alle måtar fantastisk helg. Været var praktfullt, fellesskapet sterkt og humøret på topp nesten heile tida hos alle. Programmet var variert. Me hadde møter både for barn og vaksne, fotballturenring, bading, padling, go-cartkøyring og ein utruleg morosam «talentiade» laurdag kveld sett i scene av Kristin Sundfør. Heilt topp. Her er nokre inntrykk:
Kanopadling er ein kjær aktivitet på Solgry
Likeeins Go-cartkøyring
Natalie og Frida Sofie reliar saman
Jan Helge Halleraker underviser om korleis me kan bygga Guds rike på ein god måte.
Elisabeth, Linn Elise, Anna , Ada og Louise illustrerer ein song med rørsler
Fråsegn om ekteskapet
I samband med at kyrkjemøtet i Den norske kyrkja har vedteke at det skal innførast vigsel for likekjønna par, har leiingane i Kristkyrkja og Den Frie Evangeliske Forsamling kome med ei fråsegn. Her slår dei fast at all homoseksuell aktivitet er synd mot Gud og medemenneske, og at all seksuell aktivitet mellom menneske har sin plass innafor ekteskapet mellom èin mann og èi kvinne.
Heile fråsegna kan du lesa her: Bibelen, Den norske kyrkja og ekteskapet