Komande søndag blir det gudsteneste på Innvær bedehus (nær Rubbestadneset). Det er første gudstenesta vår der. Me hadde eit familiemøte der i mai. Då håpar me på fullt hus og god stemning. Pastor Jens Thoresen skal tala over teksten i Johannes 4 om den samaritanske kvinna og Jesus. Ei rasande interessant forteljing som me har mykje å læra av.
Det vert også opplegg for barna. Vel møtt til alle! Gudstenesta startar kl. 11.