Vesle Tage Thoresen vart søndag døypt til Kristus. Det ei storhending for familien og kyrkjelyden. Me hadde ei god stund i kyrkja med mykje song og glede. Pastor Jens Thoresen talte over Johannes 3,1-18, der hovudpoenget hans var at me ikkje blir frelst ved å gjera så godt me kan, men ved å bli adoptert av Gud og fødde på nytt ved Den Heilage Ande. Det handlar om å ha namnet sitt i livsens bok og Gud i hjarta. For barn skjer det ved dåpen. For vaksne ved å lytta til evangeliet og ta imot.