4.-7. oktober blir det BIBELKURS i Kristkyrkja. Då vil pastor Jens Thoresen undervisa om Filipparbrevet. Møtene startar 19.30 og varer til 21.
Filipparbrevet er blitt kalla «gledens brev.» Det er fordi gleda i Gud er eit hovudtema i brevet, og fordi Paulus hadde så stor glede av kyrkjelyden i Filippi, noko han uttrykkjer fleire gongar i brevet.
Denne veka vil bli rasande interessant for alle som er med, kanskje til og med ein augneopnar 🙂