Komande søndag blir det gudsteneste kl 11. Tema for gudstenesta er «Guds familie». Dette er det viktigaste som kan seiast om den kristne kyrkjelyden: Han er Guds familie. Når Jesus flyttar inn i eit menneske, vert perrsonen Guds barn, han/ho får del i Jesu barnekår og alle hans rettar som son i Guds hus. Men Gud har mange barn, og han trommar dei truande i same geografiske område saman til å vera èin familie med èin Far og èin felles Frelsar, Jesus Kristus.
Annbjørg Reinertsen skal ha søndagsskulen på søndag, og snakka om då Gud skapte verda. Eit fint tema i vår tid.
ALLE ER HJARTELEG VELKOMEN TIL GUDSTENESTE!