Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

desember 2016Monthly Archives

Familiegudsteneste julafta kl 15 i Utbygdo grendahus

julafta 4Julafta vert det som vanleg familiegudsteneste med julespel og mange andre kjekke programpostar. Barna har øvd lenge allereida, så dette skal bli bra. Alle er hjarteleg velkomen! Her blir det julestemning så det held 🙂

Nytt støtteprosjekt: Antalya Evangelical Church

antalya-ev-ch-2

Antalya evangelical Church har eit rikt og veksande ungdomsarbeid

Elles har me no også inngått ein fast støtteavtale med Antalya Evangelical Church i Tyrkia. I dette landet er 98% av befolkninga muslimsk. Dei fleste kristne er ortodokse. Om lag 3000 er evangeliske. Når Antalya Evangelical Church samlast til gudsteneste, må dei ha politivakt utanfor kyrkja. Elles vil dei fort bli utsette for åtak frå muslimske grupper. Dei treng vår støtte, og me går inn med 2000 kroner i månaden i første omgang.  Kontakten blir formidla gjennom Stefanusalliansen. Det er lett å reisa til Antalya, og kanskje kan nokon av oss reisa ned og besøka pastor Ramazan (bilete under) og gjengen hans. Dei er svært offensive i sitt kristne uttrykk, og har no planta nye kyrkjelydar i Alanya, Lara og Kaleici. Fint å kunna støtta kristent arbeid i det område som Paulus i si tid starta misjonsarbeidet sitt i Asia (som det heitte på den tida)

pastor-ramazan

«Ein bibel i kvar skulesekk», Bibelen til alle barneskuleelevar i Den dominikanske republikk

domininkanske-republikk2016-en-bibel-i-hver-skolesekk-743Den dominikanske republikk på Haiti i Karibien er eitt av verdas fattigaste land. Dei har over mange år stridd med ekstrem valdskriminalitet (mange drap kvar einaste dag), korrupsjon, okkultisme, prostitusjon, slaveri, og botnlaus fattigdom. Det er ein vond sirkel. Mangel på utdanning og fattigdom gjer befolkninga svak og sårbar for alle typar umoral.
No har styresmaktene bestemt seg for at det kvar einaste dag skal lesast frå Bibelen til elevane i grunnskulen. Dei har tru på at Guds ord vil løfta enkeltmenneska og nasjonen ut av åndeleg og moralsk mørkre.  Det norske bibelselskapet har no gått saman med bibelselskapet i Den dom. rep. for å gje biblar på spansk til alle skulebarn i landet. Dei kostar 30 kroner per stk. Styret i Kristkyrkja har bestemt seg for å bevilga 2000 kroner til dette føremålet, og dessuta vil me på søndag ta opp ein kollekt til den same saka. Slik vil me også vera med å velsigna Den dominikanske republikk. Tenk over kor mykje du vil gje til dette føremålet på søndag. Og så: Ver med å be for denne vesle øystaten som i folketal er dobbelt så stor som Noreg fordelt på ein areal som berre er åttandeparten av det me har i vårt land. Folk bur tett.

Les meir om dette prosjektet på  http://www.bibel.no/Bibelgaven/Stott-bibelarbeidet/Bibelarbeid__i__hele__verden/Dominikanske-republikk

Dagens andakt handlar om frelse og helse

http://www.mediafire.com/file/nhnkw13hlcbco6q/Helse_og_frelse.wav

«Andens frukt». Tale 4 desember

http://www.mediafire.com/file/xx0527twog7o65o/Andens_frukt.m4a

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?