Under Bibelveka i haust tok me for oss Filipparbrevet. Det vart ein suksess. Framleis kjem det gode tilbakemeldingar på desse kveldane frå folk som var med på dei. Fantastisk kjekt.
21.-24. februar prøver me oss på nytt. Og denne gongen er det GALATERBREVET som står for tur. Sjeldan kjem me apostelen Paulus sitt hjarta så nært som i dette brevet. Det dirrar av spenning, og glitrar med sitt åndelege klårsyn. Her kjem kjernen i det kristne evangelium fram på ein måte som me elles berre finn i Romarbrevet, men her me endå større pasjon.
Det er pastor Jens Thoresen som står for undervisninga. Det vert to økter kvar kveld med ein liten kaffipause mellom.
Slik som Filipparbrevet er «gledas brev», er Galaterbrevet «fridomens brev», og blir du med, kan det godt henda at du får oppleva ein djupare fridom i Kristus enn det du har gjort før.
Set av denne veka til Guds ord, og rydd alt anna mindre viktig unna.