Jesus er den store legen. Dei kom til han med sjuke frå fjern og nært, og han lækte dei alle. Han var ekstremt raus på dette området. I dag er kyrkjelyden hans kropp i verda. Det var nok hans tanke og idè at hans jordiske teneste skulle avspegla seg i kyrkjelyden. Det er i liten grad tilfelle i dag, MEN DET KAN OG VIL ENDRA SEG. Det fine er: Trua kjem av forkynninga, det gjeld også på dette området. Difor forkynner me enno ein gong om lækjedom av heile menneske, ånd, sjel og kropp.
Vel møtt til ei interessant gudsteneste på søndag. Det er pastor Jens Thoresen som talar.
ETTER GUDSTENESTA VERT DET EIN LITEN PAUSE MED FORFRISKNINGAR FØR ME HAR EIT GODT ÅRSMØTE.