I går var det den store male og beisedagen. På bilete ser du Terje og Lars Vikestrand og Karin Eldøy i full gong med å beisa ein terrasse. Humøret var på topp, og då det i etterkant vanka pizza, blomster og twist, ja, då trur eg alle var kjempefornøgde, både arbeidarar og «kunde».
I dag er det siste dagen. Me har to hageoppdrag igjen å ta oss av, og vil du vera med å gjera noko meiningsfullt før pinsehelga set inn, hiv deg på du også.