Etter gudstenesta på Zoar bedehus i dag, reiste me heim med gode kjensler. Me fekk oppleva eit herleg fellesskap, kjent lovsong og Guds gode nærvær.
Pastor Jens Thoresen talte om emnet «vekst», og bodskapen vart godt motteken av kyrkjelyden. Zoar Halsnøy, 27.mai 2018. Her er manuset for denne talen. Me får koma attende til lydfila seinare, som vonleg er betre 🙂