Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

januar 2019Monthly Archives

8.-10. februar: «Ekteskapet, barnet og Bibelen i ei kjønnsnøytral tid!»

Seminarhelg med Øivind Benestad.

Øyvind Benestad er leiar for organisasjonen «Mor-Far-Barn», og har i mange år stått heilt i fronten når det gjeld  å fremja Bibelens bodskap om seksualitet, samliv og familiefellesskap.

Program for helga: 
Fredag:
19.00: Undervisning for kristne leiarar. Påmelding til Jan Sigve Hystad (mail: jansigvehystad@gmail.com). Servering.

 


Laurdag:

Det blir barnepass heile dagen.
11.00: Kjønnskamp, kulturkamp og kristentro. Kva skjer? 
11.50: Kort pause.
Kl 12: Utfordringen frå den radikale kjønnsideologien. Kva står på spel?
12.45: Lunsj (gratis)
13.30: Nytt åndsklima. Nye utfordringar. Kva kan me gjera?

14.20: Kort pause
14.30: Samtale med spørsmål. Kommentarar og innspel.

Søndag:
11.00. Gudsteneste. Søndagsskule under talen.

Stad for møtene: Frelsesarmeen i Vidstensvegen 2

Arrangørar: Kristkyrkja saman med Stord Bibelsenter og Kristent Fellesskap

Bli kjent med Gud del 1. Podcast.

Gudsteneste 27. januar

På gudstenesta komande søndag vil pastor Jens Thoresen tala over Matteus 9,18-26, forteljinga om dotter åt Jairus og kvinna som leid av alvorlege blødningar. Dette er to underforteljingar som lærer oss mykje om tru, om Jesu omsorg og hans guddommelege kraft.

Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi og sosialt fellesskap. Vel møtt til alle 🙂

Dagens tale. Marit Helene Aas. «Kall til oppbrot og etterfølging». Matteus 9,9-13


Vel verd å lytta til.

Gudsteneste søndag 13.januar kl 11

Søndag er det Marit Helene Aas som skal tala. Emnet hennar er henta frå Matteusevangeliet 9,9-13 då Jesus nettopp kalla Matteus, evangelisten, til å bli hans læresvein.  Det er ein fin og viktig tekst. Å vera kristen er jo «å følgja Jesus» og læra av han. Det er eit spennande liv, og ingen dag er lik for ein som er saman med Jesus. Lovsongen tek Ingvild og Knut Nordfonn seg av. Som vanleg feirar me nattverd, og det blir søndagsskule for barna, og det er Annbjørg N Reinertsen som tek seg av denne.  Vel møtt til alle  🙂 !

Tale 6.januar. Salme 29. Pastor Jens Thoresen

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?