Søndag blir det gudsteneste for heile familien kl 11. Talar: Pastor Jens Thoresen. Tema for gudstenesta blir «Ein såmann gjekk ut for å så…..». Bibelen er Guds ord. Dette ordet er livgjevande og skapande. For oss er to ting viktige: At me tek imot Guds ord på ein rett og skikkeleg måte, og deretter at me sår det ut med raus hand. Dette skal me snakka om på søndag. Og så skal me ta opp ein kollekt til Det norske bibelselskapet. Dei gjer eit imponerande og viktig arbeid over heile verda, og i år er det snakk om å støtta bibelspreiing på Cuba. Vel møtt!