11.august har me første gudsteneste etter sommarferien. Denne hausten vil me starta med å undervisa om dei ti boda. Denne guddommelege lova ser me på som livsens Grunnlov for alle menneske, og dessutan som ei alle nasjonale grunnlover si Grunnlov. Det var Gud som gav Israelsfolket desse boda, og han skreiv dei med sin eigen fing på to stetintavler. Dei var ei oppsummering av hans gode vilje, ikkje berre for israelittane, men for alle menneske. Guds lov er livsens lov. Å følgja dei gjev stor løn. Bryt med dei, endar me på kollisjonskurks både med Gud og kvarandre. Det er øydeleggjande for den enkelte og for samfunnet.
Søndag vil pastor Jens Thoresen tala om det første av dei ti boda: «Du skal ikkje ha andre gudar enn meg!»
Vel møtt til gudsteneste søndag kl 11.