Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

august 2020Monthly Archives

Herleg dugnadskveld

Ein god gjeng stilte til dugnad i kveld, og arbeidet gjekk unna som ein lek. Me fekk luka masse ugras, reinsa alle stolane og rydda huset til konfirmasjonsfesten laurdag. Her syner Ingvild og Josef kor fint det er blitt på parkeringsplassen som var heilt overgrodd før dei starta arbeidet.

Gudsteneste søndag 30.august

Pastor Jens Thoresen

Komande søndag er du velkomen til gudsteneste i kl 11. Pastor Jens Thoresen vil då tala over Matteus 25,14 ff der Jesus fortel likninga om talentane. Her er ein førehandsomtale: Talentane

Gudsteneste 23.august

Komande søndag, den 23.august, får me besøk av Håkon C Hartvedt i Kristkyrkja. Han skal både syngja og tala til oss. Det er alltid kjekt å ha Håkon på besøk, han er ein god mann, og me håpar også at du kjem og er med oss denne dagen slik at me kan æra Jesus i lag, og saman lytta til Guds gode ord. Velkomen i Kristkyrkja kl 11.

 

Konfirmantar 2020-21

I år er David Saber (til høgre) og John Ruben Notland Reinersten konfirmantar i Kristkyrkja på Stord.

Tale 9.august over Lukas 5,27-32

Gudsteneste 9.august

Komande søndag, den 9.august, har me gleda at å invitera deg til gudsteneste i Bjellandsvegen kl 11. Det er pastor Jens Thoresen som skal tala, og teksten hans er Lukas 5,27-32. Denne teksten handlar om då Jesus kalla tollaren Levi til å følgja han, og om Jesus som ven av syndarar og tollarar. For det er det han er. Vel møtt til gudsteneste på søndag.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?