Laurdag 3.oktober skal me for første gong ut med den nye gatekyrkja vår. Den blir sett opp som ein evangeliseringsstand på torget. Alle som vil vera med møter opp i Kristkyrkja kl. 10 for å be før me køyrer ned til Leirvik for å møta folket. Det skal bli utruleg spennande å sjå korleis denne teltkyrkja vil fungera. Me trur det blir bra. Her skal me servera kaffi og kaker (kjeks), tilby gode kristne bøker, hefter og traktatar og ha korte fengande evangeliepresentasjonar. Har du lyst å vera med, er du hjarteleg velkomen til det 🙂