Velkomen til gudsteneste komande søndag, den 22.november kl 11. Då vil pastor Jens Thoresen tala om Jesus som skal koma attende til jorda for å døma levande og døde. Matteus 25,31-46 er rimeleg dramatisk, og Jesus heldt nok denne talen for å frelsa oss frå den evige fortapinga. Kom og ver med i verdas viktigaste fellesskap
Søndag markerer me også «søndag for forfølgde». Det passar godt inn i det me elles skal snakka om. I teksten seier Jesus til dei på si høgre side: «Eg var i fengsel, og de besøkte meg.» Mon tru om han ikkje tenkte på dei forfølgde kristne då?
Det blir samla inn kollekt som skal koma våre forfølgde søsken til gode.