Gleda er grunnstemninga i kristendomen. Det kan me trygt seia for engelen som talte til gjetarane på Betlehemsmarkene julekvelden sa: «Sjå, eg forkynner dykk ei stor glede..» Denne gleda var Jesus. Han er vår glede. Difor er den kristne glede stabil og ber og gjennom alle livet sine skiftande stemningar. Vel møtt til ei feststund i Kristyrkja søndag kl. 11
august 2021Monthly Archives
Gudsteneste søndag 8.august
Frå denne veka er pastoren attende på jobb, og komande søndag startar me opp att med gudstenester. Dety startar som vanleg klokka 11.
Denne søndagen får du høyra ein tale over den kjende teksten om «Den bortkomne sonen» i Lukas 15,11-32, han som drog ut i verda og som angra seg og kom heim att. Det er ei fin forteljing som lærer oss mykje både om Gud som Far , og om kva krefter som påverkar og driv oss menneske. Du er hjarteleg velkomen saman med alle dine.
Be gjerne om at me skal få ei fin stund saman.