Komande søndag er du velkomen med familie og vener til gudsteneste kl 11. Pastor Jens Thoresen vil tala over Lukas 12,13-34, ein tekst der Jesus åtvarar oss mot eigesjuke, og oppmuntrar oss til å gje Guds rike første prioritet og stola på Far i himmelen når det gjeld alt me treng for å leva. Han inviterer oss til eit dristig og utruleg innhaldsrikt liv.
mars 2022Monthly Archives
Tale 20.mars.
Teksten i Lukas 10,1-12 og 17-20 handlar om då Jesus sende ut dei 72 disiplane sine, og dei kom glade tilbake.
Gudsteneste søndag 20.mars klokka 11
Ved to høve sende Jesus ut disiplane sine for å forkynna evangeliet om Guds rike, lækja dei sjuke og setja fri dei bundne. Den eine gongen var det dei 12 som fòr av garde. Andre gongen var dei 72. Det illustrerer vekst. Kanskje var dei siste 60 ei frukt av disiplane si første misjonsreise? På søndag skal me snakka om kva dei 72 skulle gjera ute i landsbyane, og kva dei opplevde på reisa si. Det er ganske fascinerande. Og så skal me prøva å setja det heile inn i vår kontekst. For som Jesus sa til læresveinane etter at han hadde stått opp frå dei døde: «Som Far har sendt meg, sender eg dykk!» Og me kan spørja: Er dette ord som også gjeld oss? Og dersom det er slik: kor startar me? Kven går me til? Kom og lytt til mine betraktningar rundt dette, og ver med i lovsongen og fellesskapet.
Gudsteneste søndag 13.mars
På gudstenesta komande søndag vil pastor Jens Thoresen tala om den gongen Jesus gjekk på vatnet, om Peter som også våga seg utpå «bølgan blå», og om korleis Jesus lækte alle sjuke som kom til han, eller som vart boren til han. Det må ha vore ei heilt spesiell tid for folk. Kan denne tida koma att? Ta gjerne med deg familie og vener! Hjarteleg velkomen!