Ved to høve sende Jesus ut disiplane sine for å forkynna evangeliet om Guds rike, lækja dei sjuke og setja fri dei bundne. Den eine gongen var det dei 12 som fòr av garde. Andre gongen var dei 72. Det illustrerer vekst. Kanskje var dei siste 60 ei frukt av disiplane si første misjonsreise? På søndag skal me snakka om kva dei 72 skulle gjera ute i landsbyane, og kva dei opplevde på reisa si. Det er ganske fascinerande. Og så skal me prøva å setja det heile inn i vår kontekst. For som Jesus sa til læresveinane etter at han hadde stått opp frå dei døde: «Som Far har sendt meg, sender eg dykk!» Og me kan spørja: Er dette ord som også gjeld oss? Og dersom det er slik: kor startar me? Kven går me til? Kom og lytt til mine betraktningar rundt dette, og ver med i lovsongen og fellesskapet.