På gudstenesta komande søndag er det pastor Jens Thoresen som talar. Teksten er Jesaja 51,1-5. Velkomen skal du vera. Ta gjerne med deg ein ven 🙂
På gudstenesta komande søndag er det pastor Jens Thoresen som talar. Teksten er Jesaja 51,1-5. Velkomen skal du vera. Ta gjerne med deg ein ven 🙂
Laurdag hadde me ein strålande dag saman med Eunice, Tobias og Hartvig frå Open Air Campagners. Først tre timar på torget med kreative evangeliepresentasjonar og gode samtaler med forbipasserende folk. Så tur til Moster for å sjå kor det heile starta for over 1000 år sidan. Det er lenge sidan Olav Tryggvason steig i land på Moster med si nyvunne tru, og metoden for breia ut trua i vår tid er naturlegvis heilt annleis enn i vikingtida. No er det berre Guds ord og Den heilage ande som gjeld. Men det skal vera meir enn nok. Når folk får høyra Ordet, kjem Anden og overtyder dei om at det dei høyrer er sant. Me erfarte det under mange samtalar med folk som me fekk kontakt med.
Eunice som forklarar evangeliet veg hjelp av eit tautriks
Her deler Tobias evangeliet ved hjelp
av talmagi.
Her er det fleire bilete frå helga, m.a. frå den fantastiske turen me hadde til Moster