Tania Michelet er dotter til den vidgjetne forfattaren Jon Michelet, Ho vaks opp i ein heim prega av kommunisme, ateisme, konfliktar og sorg. Dette skriv ho levande om i boka si: «Fra Mao til Gud». Men midt oppi alt kaos, var Gud hos henne, og ho visste det. Tanja vart døypt i vaksen alder, og etter at ho stod fram som kristen, har ho vore invitert til kyrkjer og bedehus over heile landet for å fortelja historia so og halda føredrag. Torsdag 4.mai kjem ho til Stord, og du kan høyra henne i Stord kyrkje. Arrangementet startar kl 19 og kostar 150 kroner. Barn under 12 år går gratis. Arrangørar er Sunnbok og imf Stord