Frå første minutt på konferansen sette Den Heilage Ande lovsongstonen. Kjetil Olsen leida eit team av drivande dyktige musikarar og songarar som gjennom helga løfta forsamlinga i heftig lovsong. Elles var konferansen prega av inderleg bøn, mektige syn, innsiktsfull forkynning og mengder med profetiske ord.




Ranja er bøneleiar i Nasaret. Ho hadde ein sterk profetisk vinkling på dei to talane sine. Interessant å lytta til.
Ole Petter Erlandsen hadde eit solid føredrag om den umiddelbare positive effekten som me kan sjå i historia av at kristne lover vart innførte i Noreg i 1024. Foto: Radio Sunnmøre


Håvard Sand delte mektige ting med konferansen om misjonsinitiativ i Noreg før kristkongane.

Alv Magnus talte laurdag kveld med stor innsikt og kløkt over temaet «Kva er Guds plan for Noreg», og gjekk gjennom vekkingshistoria til dette landet. Han enda til slutt opp i Romarbrevet kapittel 1 der Paulus skriv til dei kristne i Rom at trua deira hadde blitt kjend over heile verda, og meinte at det var Guds plan med kyrkja i Noreg, at ho skal ha ei tru som heile verda modellerer etter.