«Essensen i det Bibelen lærer oss om pinsen er at ein klår bodskap om Jesus Kristus saman med krafta i Den Heilage Ande gjer at Guds rike bryt gjennom i enkeltmenneskes liv og i heile samfunn.» forkynte Øystein Gjerme for eit nesten fullsett Moster Amfi i dag. For oss som var møtt fram var dette ei gudsteneste som vil sitja att i kroppen i lang tid framover.

