8. desember er det 2.søndag i advent. Då skal pastor Jens Thoresen tala over emnet «Herren kjem!» Me som er kristne ventar på at Jesus skal koma attende for å dømma levande og døde, og frelsa alle dei som trur. Men når kjem han? Det skal me snakka om på søndag, for det er ein del historiske markørar me skal sjå etter og vera merksame på når me skal vurdera kor nære me er hans kome. Me lovar deg ein interessant tale, godt fellesskap og litt å bita i.
Rundt 50 menneske var samla for å feira Kristkyrkja sitt 30-årsjubileum. Pastor Ole Henry Halleraker frå Vestkirken på Sotra var talar. Det er alltid lærerikt og inspirerande å lytta til hans undervisning. God kjøttsuppe laga av Harald Ersland og vidunderlege kaker laga av kvinnene i kyrkjelyden gjorde dagen heilt perfekt. Ei stor takk til alle som hadde jobba godt med førebuingane i fleire dagar alt.
I år er Kristkyrkja 30 år, og dette vil me markera med gudsteneste og festmiddag den 17. november. Gudstenesta startar kl 12. Alle er velkomen til middag, men dersom du les dette, og ikkje har meldt deg på, gje oss ein lyd. Ring eller meld til 47415864.
Denne søndagen er det pastor Ole Henry Halleraker som skal tala til oss. Han er pastor i Vestkirken på Sotra som er ein av våre søsterkyrkjelydar.
Etter middagen vil det bli ein liten historisk biletkavalkade, og dei som vil får høve til å seia nokre ord, ei helsing eller noko slikt.
Det me har høyrt denne helga har vore heilt ekstraordinært. Me har fått sett inn i eit heilt nytt kristent univers. Stig Magne Heitmann som har besøkt forfølgde kristne over store deler av verda, og som delte heilt ferske inntrykk med oss, særleg frå Afrika. Han har skrive bøker om somaliske kristne, den kampen dei står i, dei store offera dei ber fram, og den gryande vekkinga dei opplever i våre dagar. På bilete under reklamerer han for ei av dei mange bøkene han har skrive om emnet.
Batyr Nursen har for sin del har opplevd forfølginga på sin eigen kropp til den grad at han har tvilt på om han ville overleva. Som første generasjons kristen i Turkmenistan levde han og venene hans som dei første kristne me kan lesa om i Apostelgjerningane. Her var det tusenvis som vende om til Jesus, kristne leiarar som vart fengsla og torturert, og mange, mange under og teikn som Herren let skje mellom og gjennom dei truande. Batyr har ein forteljarevne som trollbind oss som høyrer på. Lytt til talane, og lat det du høyrer søkkja godt inn i deg.
På bilete over reklamerer Stig Magne Heitmann for ei av dei mange bøkene han har skrive: «Derfor skal dere juble av glede». Denne boka er ei av få bibelteologiske verk om kristenforfølging. Ei bok som må lesast av alle tenkjande kristne.
Batyr Nursen ikledd turkmensk nasjonaldrakt frå sine eigne heimtrakter (som han aldri kan venda attende til).
Det er litt krøll med teknikken i starten av dette opptaket, eit par minutt.
Asia Link
Asia Link er ein misjonsorganisasjon som støttar og inspirerer nasjjonale evangelistar i 11 asiatiske land.
Global bøn
Gud formanar oss i 1. Timoteusbrev å be for alle menneske fordi han vil at dei skal bli frelst og læra seg å kjenna sanninga. Har får du hjelp til akkurat DET.
Les Bibelen med Jens
Gjennomgang av bøker i Bibelen, vers for vers der målet er å opplysa, inspirera og utrusta
Likkledet i Torino
Mysteriet, oppdaginga og bodskapen i verdas mest utforska objekt
Pastorbloggen
Pastor Jens Thoresen skriv her om ting han synest er viktige
Samlivsbanken
Undervsining om Bibelens samlivsetikk. Her er det mange ressursar til bruk i ulike kristne samanhengar. VIKTIG!