Møtet på Zoar 26.januar vart oppbyggjeleg og godt. Pastor Jens Thoresen syntest det var lett å tala, og dei som var der let seg inspirera. Under kan du høyra ein oppsummering av talen. Den åndelege kvaliteten søkk ein del på denne måten, men betre enn ingenting.
januar 2025Monthly Archives
Gudsteneste 26.januar
Gudstenesta komande søndag blir på Zoar bedehus på Halsnøy. Møtet startar kl 11. Det går ferje frå Skjærsholmane kl 09.05. Skal du vera med og treng skyss på andre sida, send melding til 47415864 så fiksar me det.
Velkomen til gudsteneste 19.januar
Denne søndagen vil pastor Jens Thoresen tala ut frå Salme 6 vers 10: «Herren lyttar til mitt rop om nåde. Herren tek imot mi bøn!»
Bøna er ei stor gåve som Gud har gjeve oss menneske. Til og med ateistar ber når nauda vert stor nok. Det er fordi dei er skapte i Guds bilete, og når alt kjem til alt kan dei ikkje springa frå sine åndelege røter.
Vel møtt til ein spennande tale om bøn komande søndag.
Tale 12.januar. Skapt i Guds bilete
Kva betyr det for oss menneske at me er skapt i Guds bilete? Det er eit uvanleg viktig og grunnleggjande spørsmål, og her finn du nokre sentrale svar på spørsmålet.