Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

mars 2025Monthly Archives

Evangelisering 8.mars

Laurdag kan du få vera med oss ut på evangelisering. Og det på sjølve kvinnedagen. Det å evangelisera saman med andre er veldig fint. Når me er fleire, aukar frimotet.
Møt opp i Kristkyrkja kl 10 (gjerne før) for litt bønn og innlasting av utstyr. Me startar på torget kl 11. Be også på førehand.

Gudsteneste 9.mars

På gudstenesta 9.mars vil pastor Jens Thoresen tala over Jesaja 65,1. Det er ein svært interessant tekst om misjon, og om korleis Gud overraskar folk med å gjera seg kjent for dei utan at dei har søkt han i det heile tatt. For slik er Gud. Han er driven av kjærleik til fortapte menneske, og han vil fylla oss som trur på Jesus med den same kjærleiken slik at me også kan vitna med apostelen Paulus: «Kristi kjærleik tvingar meg.»

Vel møtt i Kristkyrkja kl 12 på søndag, og stans gjerne att etter gudstenesta for ei lita feiring.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?