
På gudstenesta 9.mars vil pastor Jens Thoresen tala over Jesaja 65,1. Det er ein svært interessant tekst om misjon, og om korleis Gud overraskar folk med å gjera seg kjent for dei utan at dei har søkt han i det heile tatt. For slik er Gud. Han er driven av kjærleik til fortapte menneske, og han vil fylla oss som trur på Jesus med den same kjærleiken slik at me også kan vitna med apostelen Paulus: «Kristi kjærleik tvingar meg.»
Vel møtt i Kristkyrkja kl 12 på søndag, og stans gjerne att etter gudstenesta for ei lita feiring.