Uroa oss, Herre,
når me er alt for fornøgde med oss sjølve,
Når draumane våre blir til oppfylte
fordi me har drøymt for smått,
når me kjem trygt fram fordi me har seilt alt for nær land.
Uroa oss, Herre, når me i overflod av ting me har skaffa oss,
har mista tørsten etter det levande vatnet,
når me er blitt forelska
i livet og har slutta å drøyma om æva,
Når me i vårt strev etter å byggja ei ny verd,
har tillate vår visjon om ein ny himmel å bli utydeleg.
Uroa oss, Herre, til større vågemot,
til å seila på vidare fatvatn
der stormane vil syna ditt meisterskap,
der me, når me misser land av syne,
må styra etter stjernene.
Me ber deg om å flytta horisonten av håp bakover og frå oss,
og pusja oss vidare inn i framtida
med styrke, mot, håp og kjærleik.
Sir Fancis Drake (1540-96)