Den dominikanske republikk på Haiti i Karibien er eitt av verdas fattigaste land. Dei har over mange år stridd med ekstrem valdskriminalitet (mange drap kvar einaste dag), korrupsjon, okkultisme, prostitusjon, slaveri, og botnlaus fattigdom. Det er ein vond sirkel. Mangel på utdanning og fattigdom gjer befolkninga svak og sårbar for alle typar umoral.
No har styresmaktene bestemt seg for at det kvar einaste dag skal lesast frå Bibelen til elevane i grunnskulen. Dei har tru på at Guds ord vil løfta enkeltmenneska og nasjonen ut av åndeleg og moralsk mørkre. Det norske bibelselskapet har no gått saman med bibelselskapet i Den dom. rep. for å gje biblar på spansk til alle skulebarn i landet. Dei kostar 30 kroner per stk. Styret i Kristkyrkja har bestemt seg for å bevilga 2000 kroner til dette føremålet, og dessuta vil me på søndag ta opp ein kollekt til den same saka. Slik vil me også vera med å velsigna Den dominikanske republikk. Tenk over kor mykje du vil gje til dette føremålet på søndag. Og så: Ver med å be for denne vesle øystaten som i folketal er dobbelt så stor som Noreg fordelt på ein areal som berre er åttandeparten av det me har i vårt land. Folk bur tett.
Les meir om dette prosjektet på http://www.bibel.no/Bibelgaven/Stott-bibelarbeidet/Bibelarbeid__i__hele__verden/Dominikanske-republikk