Harald Ersland hadde laga ei vidunderleg god jegergryte til heile kyrkjelyden i dag, det vart reine feststemninga. Han skal ha hjarteleg takk for god innsats.
Elles hadde me besøk av Elin og Odd Halvor Mosevold, to av kyrkjelyden sine pionerar frå 90-talet. Dei fortalde litt om korleis livet hadde laga seg sidan den tid, og om det rike ungdomsarbeidet dei står i på Osterøy for tida. Veldig interessant og spennande.
Talen i dag var henta frå Matteus 5,1-12, og pastoren hadde kalla han for «Disippelkvalitetar». Den kan du lytta til ved å trykka på linken under.