Under gudstenesta 1.oktober hentar me tema ut frå 1.Mosebok 17,1-3 der Gud både inviterer og byr Abraham om å leva i nærkontakt med seg sjølv, og å leva på ein slik måte at ingen har noko å utsetja på han. Gjorde han det, ville Gud velsigna han og gjera slekta hans overlag stor, og det har skjedd.
Denne teksten har ein sterk bodskap til oss i dag også, og det er denne pastor Jens Thoresen vil dela med forsamlinga komande søndag. Vel møtt klokka 11.