Kjære lesar!
Må 2023 bli eit godt år for deg og alle du er glad i. Me lever i utfordrande tider. Gamle mørke åndskrefter har reist seg i verdspolitikken, Ukraina er blitt overfalt, og den globale freden er truga. På denne mørke bakgrunnen er det me dette året feirar både jul og nyttår. I 2023 blir det viktigare enn nokon gong at me held oss nær til Jesus, ber for verda, forkynner fredens evangelium og mobiliserer for å hjelpa dei som er råka av krig og ulukke. Slik kan dette bli eit spennande år. I Ukraina vender folket seg til Gud, og det blir fortalt om under som skjer. Tenk om folk i Noreg også i større grad kan begynna å orientera seg mot Gud? Det er vårt håp og vår tru at det skal skje, og det er det me arbeider for også dette året. På julafta tente me T-lys i Kristkyrkja og plasserte på ein kross av stein som eit symbol på at lyset og håpet for oss menneske er å henta frå Kristi kross. Der, i lyset frå Kristi kjærleik, blir vondskapen avslørt som det han er, og me held oss til «ordet om krossen» som har kraft i seg til å frelsa alt som frelsast skal.