Bønnekonferansen tek søndag turen til Moster for å gå bønnevandring frå Gamlakyrkja på Moster til krossen på Vetahaugen. Det blir kraftfull bønn, lovsong og frimodige innlegg på turen.
Arrangementet startar 10.00. Men ver gjerne ute i god tid.

«Essensen i det Bibelen lærer oss om pinsen er at ein klår bodskap om Jesus Kristus saman med krafta i Den Heilage Ande gjer at Guds rike bryt gjennom i enkeltmenneskes liv og i heile samfunn.» forkynte Øystein Gjerme for eit nesten fullsett Moster Amfi i dag. For oss som var møtt fram var dette ei gudsteneste som vil sitja att i kroppen i lang tid framover.
23.mai 2024
18.mai 2024
16.mai 2024
12.mai vart Magnus Nordfonn konfirmert i Kristkyrkja. Han svarte godt for seg under overhøyringa, og gudstenesta vart på alle måtar ei fin samling. Pastor Jens Thoresen talte om Guds stordom, og la vekt på at Gud er stor nok for kvar enkelt av oss, det er plass til alle i Gud, og at sann stordom handlar om å bøya seg ned og ta seg av folk som har det vanskeleg.