Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Jens ThoresenAuthor Archives

Gudsteneste 14.januar kl 12

Velkomen til gudsteneste med fest og glede for store og små, gamle og unge, høg og låg. Innfor Gud er me alle like. Teksten denne søndagen er Kolossarbrevet 2,6-7, ein svært interessant tekst der me blir formant til å leva i samsvar med det me trur på. Det kan verka utfordrande, men det er vegen inn i ein stor livsrikdom.

Gudsteneste søndag 7.januar kl 12

Pastor Jens Thoresen held fram med undervisning ut frå Kolossarbrevet. På søndag er teksten kapittel 2,1-5, der me får litt innblikk i apostelen Paulus sitt bøneliv. Det er ein nyttig ting. Kyrkjekaffi etter gudstenesta.

Podkast

Velkomen til familiegudsteneste julafta kl 15

Adventspodkast

Gudsteneste søndag 10.desember kl 12

Denne søndagen vil pastor Jens Thoresen undervisa om Kolossarbrevet 1,24-29. Guds ord vil alltid møta motstand i verda når det blir forkynt på rett vis, og av den grunn var apostelen Paulus ofte i fengsel. Men han klaga ikkje. Han såg på vanskane sine som naturlege og som ein naudsynt del av oppdraget. Veldig interessant. Kom og høyr meir om dette søndag den 10. desember.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?