Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Jens ThoresenAuthor Archives

Inspirasjonshelg

Komande helg kjem Batyr Nursen og Stig Magne Heitmann på besøk til oss. Det blir møter i Frelsesarmeen både fredag, laurdag og søndag. Stig Magne Heitmann har arbeidd mange år i Åpne Dører, og skrive eit lass med bøker om forfølgde kristne. Alle svært lesverdige. Batyr Nursen kjem frå Turkmenistan og har smakt forfølginga på kroppen meir enn godt er utan at han på nokon måte har mista gløden for Jesus. Snarare tvert om. Sjå elles pressemeldinga som ligg ved her.

Møteprogram: Fredag kl 19. Laurdag kl 11 og 19. Søndag kl 11. Varmt velkomen

Gudsteneste 27.oktober

Velkomen til gudsteneste for heile familien søndag 27.oktober kl 12.
Pastor Jens Thoresen talar over Johannes 4,27-42

Velkomen til gudsteneste søndag 20.oktober kl 12

Tema for gudstenesta er «Guds gåve», og pastor Jens Thoresen vil tala ut frå Johannesevangeliet kap. 4.

Vel møtt i fellesskapet.

Velkomen til gudsteneste i søndag 13.oktober kl 12

Pastor Jens Thoresen

Denne søndagen deler me med kvarandre gode ting frå sitt ord som Herren har gjeve kvar av oss, eller gode ting han har gjort for oss. Det blir spennande.

Kyrkjelyden overraska pastoren med storveges middag i samband med 70-årsdagen hans

Pastor Jens Thoresen kjende middagslukta då han kom til kyrkja søndag, men tenkte ikkje noko over det. Han hadde det for travelt. Men då han etter gudstenesta skjøna kva som hende, vart han overvelda av glede. Her er gjengen som han festa saman med :

Talar og refleksjonar

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?