Tania Michelet er dotter til den vidgjetne forfattaren Jon Michelet, Ho vaks opp i ein heim prega av kommunisme, ateisme, konfliktar og sorg. Dette skriv ho levande om i boka si: «Fra Mao til Gud». Men midt oppi alt kaos, var Gud hos henne, og ho visste det. Tanja vart døypt i vaksen alder, og etter at ho stod fram som kristen, har ho vore invitert til kyrkjer og bedehus over heile landet for å fortelja historia so og halda føredrag. Torsdag 4.mai kjem ho til Stord, og du kan høyra henne i Stord kyrkje. Arrangementet startar kl 19 og kostar 150 kroner. Barn under 12 år går gratis. Arrangørar er Sunnbok og imf Stord
Jens ThoresenAuthor Archives
Bibelpodkast.
5.mai 2023
Vellukka Solgryhelg
Denne helga arrangerte med weekend på Solgry. Om det var kjølig luft, så velsigna sola oss med varme stråler slik at me kunne vera mesteparten av tida utandørs. Ungane storkosa seg med mange ulike aktivitetar (som Go-cart) og nokre fann seg nye vener, og dei vaksne såg ut til å klara seg godt dei også. Gode møter og god stemning frå A til Å.
Påskeprogram
Langfredag: Gudsteneste kl. 12.
1.Påskedag: Gudsteneste kl 12.
Alle er hjarteleg velkomen både for å minnast Jesu smertefulle død og for å feira hans sigerrike oppstode!