Jens ThoresenAuthor Archives
Gudsteneste 13.februar kl 11
Komande søndag skal me markera Såmannssøndagen, og teksten for dagen er Matteus 13,24-30, ein tekst som både handlar om Guds ords enorme frelseskraft, men også om den endelege domen som alle menneske må gjennom.
Denne dagen sender me kollekten til Det norske bibelselskaps arbeid i Ukraina. Dette landet er i stor krise, og hungeren etter Guds ord er enorm.
Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi med god servering.
VEL MØTT!
Gudsteneste søndag 6.februar kl 11
Komande søndag blir det gudsteneste for heile familien kl 11. Pastor Jens Thoresen vil tala over Lukas 7,36-50, om Jesus då han var invitert heim til farisearen Simon der det kom inn ei kvinne som vaska Jesu føter med tårene sin og tørka dei med håret sitt. Det er ein bodskap om den frelse og forløysing som er i Jesus, om intense kjensler i møtet med den levande Gud og om ulikskapen mellom kristendom og religiøsitet. Alle er hjarteleg velkomen!