Det blir gudsteneste søndag 23.januar kl 11. Pastor Jens Thoresen vil då tala over Lukas 7,11-23
Første del av teksten er om då Jesus vekte opp enkjesonen i Nain, ei gripande forteljing som fortel oss viktige ting både om Guds omsorg og makt.
I andre del lærer me at Jesus er Gud, at han er god og allmektig også når han ikkje gjer det me kunne ønskja oss. Johannes sat i fengsel, men Jesus kom ikkje for å fri han ut, og Johannes kom i tvil. Lett å forstå. Men han fekk hjelp likevel, og hjelpa kom frå Guds ord. Når alt er svart, er Guds ord og lovnader vårt lys. Det held i massevis.